UT er siste bind i trilogien Søsteranarkistane.

Historia om barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor, er no fullført. I Søsteranarkistane er alle tre bøkene samla: Under, Over og den nyskrivne romanen UT 

Det er no det gjeld. I UT står meir på spel enn nokon gong.  Klarar Ela å redda slavejentene i den sjuke byen mamShì - og seg sjølv? Det hastar om ikkje Ela skal miste meir enn sjølve livet.
Ela ser berre ein utveg, ho må jakte.
Jakte på tyrannen Ingmor. 

Søsteranarkistane er ei fengslande trilogi frå ei verd der dei unge står mot dei gamle i ein kamp om kven som skal leve, og kven som skal døy...

UT er siste boka i trilogen om Ela.
Boka kjem i eitt bind som heiter
Søsteranarkistane 1 - 2 - 3


Romanen Over startar der Under slutta. Men denne gongen er ikkje Ela og småsøstrene under bakken. Dei er på eit skip. Det regnar, og dei kan ikkje sjå land. Og ingen veit kor dei er på veg. Ela har endeleg funne igjen veslesøster Sika. Om bord på skipet styrer den vakre og mystiske Lamia.
Men kven er ho, eigentleg?

Med Under, første bok i trilogien Søsteranarkistane, skreiv forfattarparet Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag fram ei dystopisk og fengslande forteljing om opprøraren Ela. Universet er språkleg oppfinnsamt med innslag av både kinesisk, russisk og svensk. I Over får vi vite korleis det går vidare med Ela og dei andre i kampen mot diktatoren Ingmor.

Over er andre bok i framtidstriologien Søsteranarkistane.



Barneheimsjenta Ela arbeider som alle andre jenter som slave på fabrikken til tyrannen Ingmor, som styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne, organisk mat finst ikkje, personleg fridom finst ikkje, og den som ikkje passar seg og gjer som ho er beden om, hamnar på blodtappingsbenken og kan ende med å måtte bøte med livet. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har …

Under er første bok i framtidstriologien Søsteranarkistane.


I Over vaknar Ela ombord i eit sundrusta gamalt skip. Skipet køyrer sjølv, det er ingen som styrar, men den vakre og mystiske Lamia seier ho er sjef ombord. Kven er ho eigentlig? Ela veit ein ting, ho vil ikkje finne seg i nokonting lenger. Ikkje frå nokon. .

Ela har endeleg funne igjen veslesøster Sika. Men ho er forandra, kan Ela framleis stole på henne? 

© Sturla Bang

WYSIWYG HTML Editor