UT er siste bind i trilogien Søsteranarkistane.
Historia om barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor, er no fullført. I Søsteranarkistane er alle tre bøkene samla: Under, Over og den nyskrivne romanen UT
Det er no det gjeld. I UT står meir på spel enn nokon gong. Klarar Ela å redda slavejentene i den sjuke byen mamShì - og seg sjølv? Det hastar om ikkje Ela skal miste meir enn sjølve livet.
Ela ser berre ein utveg, ho må jakte.
Jakte på tyrannen Ingmor.
Søsteranarkistane er ei fengslande trilogi frå ei verd der dei unge står mot dei gamle i ein kamp om kven som skal leve, og kven som skal døy...
UT er siste boka i trilogen om Ela.
Boka kjem i eitt bind som heiter
Søsteranarkistane 1 - 2 - 3
Built with
Mobirise.com