Forfattarane: Hilde K. Kvalvaag er ein anerkjent forfattar med fleire ungdomsromaner bak seg, blant anna Fengsla frå 2010 som ho fekk Brageprisen for. Den har også blitt kåra til ein av dei ti beste ungdomsromanane på nynorsk i dette årtusenet. Ho har og skrive fleire romaner for vaksne, den siste, Djuphavsslettene, kom ut i 2021. Hilde er også aktiv i XR - Extinction Rebellion.
Sturla Bang debuterte med Under i 2017. Han er utdanna religionsvitar fra Universitetet i Bergen med masteroppgåve om UFO-religion. Han har laga universet i Søsteranarkistane. Sturla har levd av desktop publishing, illustrasjon og layout siden 1996. Han driv firmaet Nordisk Trykk. Han vil helst køyre rundt i Afrika i ein gammal rover og sove i telt.
AI Website Builder